Brev til Aure kommune og til mattilsynet. Begge brevene kan du lese nedenfor.

Aure kommune har ikke svart så folkeaksjonen purrer samt sender brev til mattilsynet.

                                                                                                          Aure 02.07.19

Avs: Folkeaksjonen Mot vindkraft i Aure.

Til Aure kommune , 6690 Aure

v/ Rådmann/ ordførar

Spørsmål til den kommunale oppfølginga av søknaden frå NJORDR AS om å bygga ut  vindturbiner på Skardsøya.

Søknaden frå NJORDR AS om bygginga av dei nye vindturbinene på toppen av Skardsøya betyr slik vi vurderer det ei vesentleg skjerping av dei negative  konsekvensene for natur og miljø i høve til søknaden frå SAE Vind i 2010 i same området.

NJORDR AS  har blandt anna høgare møller, ca. 225 m høgde no, mot 125 m høgde i plana frå 2010,  og med ei betydeleg utviding av det bandlagte arealet for utbygginga.

Til tross for dei store endringane som er gjort i dimensjoneringa av turbinane, har NJORDR AS i stor grad bruka konsekvensvurderinger frå SAE vind sitt prosjekt i 2010 i sin søknad.

Ein stor del av det utvida arealet ligg og innafor dei inngrepsfrie områda på toppen av Skardsøya(INON-område). Det er no til dømes plassert fleire turbiner inn i det store uberørte  kystmyrområdet på nordsida av Bjørnskardliknubben som er registrert som eit svært viktig og eit av dei få områda som er igjen, der myra strekkjer seg samanhengande frå sjøen og heilt opp til fjellet(ca.4km2).

Utbyggingsområdet strekk seg no langt inn i tilsigsområdet for Skar vassverk. I kartet som er lagt fram frå søkar er 4 av turbinene plassert slik at eit havari med lekkasje av olje frå ein installasjon vil bety forureining i tilsigsområdet til nemte grunnvassanlegg. Det er så langt vi kjenner saka ikkje lagt fram dokumentasjon frå søkar om tiltak for sikring eller avbøtande tiltak for drikkevatnet til Skar vassverk.

Som kjendt skal kommunen ut frå gjeldande Forskrift for vannforsyning og drikkevann, sist revidert 1.januar 2017, ta omsyn til drikkevatnet om reguleringsarbeid ønskast gjennomført innafor eit godkjendt vannforsyningsystem.  Reservoaret til Skar vannverk er sandmassene som ligg i Skarsdalen. Dei bekkeløpa som går opp frå Skarsdalen og inn i det planlagte utbyggingsområdet er da naturlege tilføringar av reint vatn til dette vassverket. I dag er utbyggingsområdet på Skardsøya regulert som eit LNF-1område.

Folkeaksjonen Mot vindkraft i Aure har difor følgande spørsmål til Rådmannen og dei folkevalgte i samband med det arbeidet med saka som no skjer internt i kommunen:

  • Har Aure kommune avklart med NJORDR ansvar og tiltak ved eit havari på ein eller fleire av møllene som no er plassert i tilsigsområdet til Skar vassverk(ca.110 abbonentar (hytter og fastbuande))?
  • Ei reservekjelde som er nemnt i dokumentasjonen for Skar vassverk, Krokvatnet, ligg og inne i det båndlagte området for turbinene. Er Mattilsynet og Folkehelsa blitt gjort kjendt med at tilsigsområdet og denne reservekjelda no vil bli liggande inne i utbyggingsområdet? Har NJORDR AS ei plan for ny reservekjelde?
  • Er det sett fram krav til søkar om nye vurderingar av konsekvenser som følge av utbygging av turbiner og forslag om nye avbøtande tiltak skal skje innafor dei uberørte naturområda på øya?

Med helsing
For Folkeaksjonen Mot vindkraft i Aure.
Mats Torset          Johannes Kalland
     Ledar                 styremedlem
Aure 04.08.19

Mattilsynet
Region Midt

postmottak@mattilsynet.no

Spørsmål til søknaden frå NJORDR AS om å få bygga ut 19 vindturbiner på Skardsøya.

Folkeaksjonen Mot vindkraft sendte 04.07.19 brev til Aure kommune med fleire spørsmål for å få klarlagt konsekvensene ei slik utbygging kan få for spesielt abonnentane ved Skar vassverk, men og på grunn av dei store inngrepa som vil koma innafor det uberørte naturområdet på toppen av Skardsøya.

Så langt har vi ikkje mottatt svar på våre spørsmål frå Aure kommune og vi ønskjer difor å senda brevet til Mattilsynet fordi den vesentlege delen av brevet gjeld konsekvenser utbygginga kan få for Skar vassverk. Vår bekymring er no at konsesjonssøknaden frå NJORDR AS datert 10.04.19  som viser 5 vindturbiner som er plassert innafor tilsigsområdet til vassverket. Kartet vedlagt søknaden viser og at adkomstvegar og p.plasser over ei lengre strekning tangerer nedslagsfeltet til vassverket og ei reservekilde. Når det er oppgitt at kvar turbinmotor vil  ha behov for 1000 l gearolje er det lett å sjå at her er konsekvensane store om lekkasjer skjer eller ved eit havari der olje kjem til bakkenivå. (Jfr.opplysn.om oljemengder i konsekvensrapport 08.04.19,side 57 i søknaden frå NJORDR AS.)

For Folkeaksjonen her er det da skremmande å sjå at ein søkar her får lov til å levera ein søknad der drikkevatnet til innbyggarane så klart blir satt i spill utan at Mattilsynet eller Folkehelsa har kome med ein uttale til planlagt tiltak. Drikkevannsforskrifta sett her klare krav til både kommune og tilsynsmyndighet om at denne skal følgast i utbyggingssaker som dette. Vi kan og visa til drikkevannsforskrifta § 4-forurensning  sitat: Det er forbudt å forurense drikkevatn. Forbudet omfatter alle aktiviteter, frå vanntilsigsområdet til tappepunktene, som medfører fare for at drikkevatnet blir forurenset.

Vi har og sett i høringssvaret frå Mattilsynet til NVE sitt forslag til nasjonal ramme datert 12.06.19 og har merka oss Mattilsynet sin klare formulering om at hensyn til drikkevatn ved utbygging av vindkraft må veie tungt både i planarbeidet, anleggsperioden og ved drift. Håper og at Region Midt her  vil ta tak i denne saka slik at konsekvensene blir klarlagt og at krav om nødvendige tiltak treffest snarast ut frå gjeldande forskrifter.

Vedlagt vårt brev til Aure kommune datert 02.07.19 og kartutsnitt over del av Skardsøya med planlagte 19 vindturbiner.

For Folkeaksjonen Mot vindkraft i Aure
Mats Torset -ledar
Johannes Kalland-styremedlem

2 vedlegg

Legg igjen en kommentar